Fortun kyrkje
Fortun kyrkje

Glasmåleriet i vindauget bak altaret fangar blikket i det vi går inn i Fortun kyrkje. Eit bilete av Kristus, staseleg kledd i blå fotsid kjortel og raud kappe. Venstrehanda kviler mot brystet. Med den høgre gjer han korsteiknet. Ego sum via, veritas et vita, står det skrive under bilete, og tyder: Eg er vegen, sanninga og livet.
Den gamle altartavla ville ikkje vere med på flyttelasset då den gamle stavkyrkja vart riven i 1883 og flytta til Fantoft i Bergen. Tavla frå 1630 hadde først katekismetekstar, men fekk i 1692 måla bilete av Aron og Kristus, i toppfeltet Kristus på korset.
To kyrkjeklokker  frå 1200-talet.

Preikestolen er frå 1879, då kyrkja vart bygd.

Døypefonten er og frå då, laga av Torkjel Asheim. Dåpsfat og dåpsmugge er i sølv, udatert.

Lysekruner er det to av, ei frå 1950 og ei frå 1997.

Orgelet er frå 1991, 19 stemmer, bygd av G.F. Husteds Orgelbyggeri i Danmark.

 

<span style="font-size:12.0pt;font-family:&quot;Times New Roman&quot;,&quot;serif&quot;;mso-fareast-font-family: &quot;Times New Roman&quot;;mso-ansi-language:NO-NYN;mso-fareast-language:NO-BOK; mso-bidi-language:AR-SA">Type kyrkje: Langkyrkje i tre
Vigsling: 1879
Arkitekt: E. Rusten
Byggmeister: Ukjend
Sitjeplassar: 230

Tidlegare kyrkje - Fortun stavkyrkje 1100-talet - 1883
Eit steinkast unna Fortun kyrkje, på oppsida av vegen, stod Fortun stavkyrkje. Ho er nemnd første gong i 1323, men dei gamle kyrkjeklokkene som følgde over i dagens kyrkje, skriv seg tilbake til 1200-talet. Det er naturleg å tenkje at der var kyrkje i Fortun så tidleg, ja, kanskje alt på 1100-talet. Pilegrimane på veg over fjellet til Nidaros skulle etter skikken innom ei kyrkje og få velsigning før dei tok fatt på turen. Stavkyrkja låg midt i ferdsleåra, og dermed er det nærliggjande å tru at stavkyrkja tidleg hadde funksjonen som ei lovekyrkje.

Fortun stavkyrkje hadde eit høgt midtrom bore oppe av 18 stavar, og låge sideskip. Først i 1651 fekk ho tårn, og i 1666 vart det gamle koret erstatta av eit tømra kor i same breidd som skipet. Kyrkja hadde svalgang på vestsida, og eit kraftig tårn bygt eit stykke inn på taket. Stavkyrkja vart flytta til Fantoft i 1882. Etter at stavkyrkja var riven, kom grunnmuren frå det eldste koret til synet. Muren viste spor av eit mindre kor med apsis. Det opphavlege midtrommet og sideskipa vart ikkje endra. Utvendig hadde stavkyrkja liggjande panel. Taket var dekt med stein.

Fantoft stavkyrkje 1883 - 1992
Då den nye kyrkja var komen opp, fekk Fortidsminneforeninga tilbod om å kjøpe Fortun stavkyrkje for 800 kroner. Det var for dyrt for foreninga, men konsul F. G. Gade kjøpte ho. I 1883 vart kyrkja riven, og ein stor del av tømmeret vart send til Bergen. Han restaurerte stavkyrkja på garden Fantoft ved Bergen, men kyrkja som vart gjenreist der, var ulik den som stod i Fortun. Utvendig vart den gjenreiste kyrkja utstyrt med drakehovud, takryttar og mønekam, og førebiletet var Borgund stavkyrkje. Verken vesttårnet eller det tømra koret kom opp igjen. Fagfolk uttalte seinare at kyrkja vart utsett for ei temmeleg hardhendt restaurering. Konsulen gjorde nok sitt til at ho vart så lik som råd, problemet var berre at han kom for seint inn i biletet til at han fekk med seg alle delane av kyrkja. folk i bygda hadde alt kjøpt noko av tømmeret. Døypefonten var seld på auksjon og skal ha blitt nytta som grisetrau. Altarskåpet var det ein annan bonde som kjøpte, han meinte det var høveleg til oppbevaring av korn. Det var også mykje anna inventar som kom på byda og som ikkje følgde med verken over i nyekyrkja, eller med den som vart flytta til Fantoft.
Fortun stavkyrkje var den siste stavkyrkja i Noreg som vart flytta. Ho stod på Fantoft fram til 6. juni i 1992. Då vart ho utsett for eldspåsetjing, og den gamle stavkyrkja brann ned til grunnen. Ein kopi av Fantoft stavkyrkje vart bygd opp igjen på stame staden og vigsla 24. august 1997. <br style="mso-special-character: line-break">